Arne Johannessen kjøpte Møllehuset i 1909 og etablerte A/S Arne Johannessens Shoddyfabrik. Ca. hundre personar arbeidde her på det meste. Rundt 1960 kom kunstfiberstoffet på marknaden. Det var billegare, meir slitesterkt og førte til at sjoddiproduksjonen i Strusshamn vart nedlagt frå 1987. Avvikling av sjoddiproduksjonen førte til tomme lokale. Frå 1990-åra flytta kulturen inn i nokre av desse lokala takk vere at Askøy kommune leigde ein del av dei for at frivillige lag skulle få ein stad å vere og skape ny aktivitet her. Strusshamn fekk ein ny giv. Museum som viser Askøy i farne tider, ulike arrangement som Forbundet Kysten si landsstemne, Nordatlantiske kulturdagar, Cutty Sark og Tall Ships Races trakk menneske hit både frå inn- og utland.
Shoddyfabrikken
Fabrikksinfo