|
AMERIKABREVET |
|||||||||||||||
|
I meir enn hundre år gav amerikabreva tru og håp over
Atlanterhavet. Mellom 800 000 og 900 000 norske kvinner,
menn og barn reiste frå Noreg frå byrjinga av 1800-talet
og dei neste hundre åra. Det var ei drastisk avgjerd å
ta å bryte opp og reise til det ukjende! Amerikabrevet
var kontakten dei som drog hadde med dei som var att
heime. Sverre
og Kari Sandberg, saman med dottera Kristin, har samla
inn ei mengd med amerikabrev. Ut frå desse breva har dei
laga ein film som skildrar litt av livet til dei mange
utvandrarane. Det var ”ingen dans på roser”.
Filmen vert vist i
Møllesalen i Sjoddien, Strusshamn, onsdag 7. mars kl.
11.30. Før filmen vert vist, vil Sverre Karin og Kristin
Sandberg orientere litt om filmarbeidet. Filmen varer i
40 min.
Etter filmen vert det enkel servering.
Museet sine samlingar i Møllehuset og Pakkhuset er opne.
|
|||||||||||||||